Table of Contents

Poengsystem for verifikasjon

Av Erik Bolstad.

Eg fekk ein idé i lunsjen i dag (diskuterte verifikasjon med dei andre her): å gje varsla våre poeng. Dersom vi gjev poeng separat for nedbør, temperatur, vind og skydekkje, er det lett å lage ein samla poengsum.

Dette er ein svært laus idé: Nokon med meir peiling enn meg må justere poengsystemet for at det skal fungere. Det må m.a. lagast meir finmaska poengstruktur (a la det eg føreslår for nedbør).

Fordelen med eit poengsystem

Eg ynskjer at vi skal ha verifikasjon for alle varsla våre (inkl. langtidsvarsel opp til dag 10).

Varsla får poeng på ein skala frå 0 til 100. Når vi reknar saman poenga, tel nedbør og temperatur litt meir enn skydekkje og vind:

Skisse til detajert poengsystem

Temperatur

Vind

Skydekkje

Nedbør

  1. Varsla 0 mm, observert 0 mm: 30 poeng
  2. Varsla 0 mm, observert nedbør:
    • Observert mindre enn 1 mm: 20 poeng
    • Observert 1-3 mm: 15 poeng
    • Observert 3-5 mm: 10 poeng
    • Observert meir enn 5 mm: 0 poeng
  3. Varsla nedbør, observert 0 mm:
    • Varsla mindre enn 1 mm: 20 poeng
    • Varsla 1-3 mm: 15 poeng
    • Varsla 3-5 mm: 10 poeng
    • Varsla meir enn 5 mm: 0 poeng
  4. Varsla nedbør, observert nedbør:
    • Mindre enn 2 mm avvik: 30 poeng
    • 2 til 5 mm avvik: 20 poeng
    • 5 til 10 mm avvik: 10 poeng

o.s.v.

Eksempel, figur

Eksempel laget av Erik Bolstad